Stryn vgs.:

Mister ei linje

– Men vi er godt nøgd med nye klassar, både på Bygg og Anlegg og på Studiespesialiserande, seier Sonja Øvre-Flo.

Stryn vgs. mister faget Sal, Service og Reiseliv som følge av låge søkjartal, men får ekstra klasser i to andre fag.   Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Hovudutvalet for opplæring og kompetanse vedtok måndag opplæringstilboda i fylket for neste skuleår. For Stryn vgs. er det no klart at programfaget for Sal, Service og Reiseliv går ut frå og med neste skuleår.