Operafantomet var laust i kulturhuset

Kulturskulen har no inspirasjonskonsertar rundt om for skuleelevar for å fortelje litt meir om kva dei driv med. Stemningen var stor då operafantomet var laust i Stryn kulturhus.

Musikal: "- He's there, The Phantom of the Opera, beware...." Det var nok fleire i salen som fekk lyst til å drive med musikal! Frå v. Erik Vinje, Jon Are Steen, Hans Magnus Mikalsen Nedreberg, Anders Kvile og Annette Lunde.   Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Stryn kulturskule har mykje å velje i for både små og store elevar. Frå dans, teater og kunst til song og ulike musikkinstrument. Nytt av året er mellom anna at du kan søkje på DJ/laptop, datamusikk. Kanskje bur det ein Alan Walker eller Kygo ein plass i bygdene her?