Slik kan det gå når det er lang ladekø i Stryn sentrum

– Med 15-16 bilar i ladekø i Stryn sist sommar måtte eg ta med ein Tesla på bergingsbilen for å lade på Sandane. Så køyrde eg tilbake til Stryn igjen etterpå, seier Per Rune Sunde i NAF.

Ladekø: Sommaren 2020 var det så lang ventetid på å få lade elbil i Stryn at Per Rune Sunde i NAF måtte køyre ein Tesla på bergingsbil til Sandane for å få lade. No kan det gå mot ei etablering av superladarar i Stryn.  Foto: privat

Nyhende

Tesla skal etter planen etablere superladarar på Nordfjordeid, i Volda og i Ørsta i løpet av første kvartal neste år. Tysdag vart det arrangert eit møte i Stryn der det vart diskutert mulegheiter for å få superladarar også i Stryn.