Stryn kommunestyre vedtok samanslåing med Tussa:

Den nye aksjeposten kan gi dobla utbyte

Eit samrøystes kommunestyre i Stryn vedtok aksjesamanslåingsavtalen med Tussa. Aksjeposten i det nye selskapet kan gi kommunen eit dobla utbyte samanlikna med no.

Blir Tussa: Stryn kommune sa samrøystes ja til aksjesamanslåingsavtalen mellom Tussa og Stryn Energi.   Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Nils Are Karstad Lysø gjorde greie for bakgrunnen for samanslåinga. Han drog særleg fram usikkerheita i bransjen for dei mindre energiverka, på grunn av rammevilkår som favoriserer dei større aktørane.