Kommunestyret skal handsame tvangsinnløysing i Olden i dag:

Fleire frivillige avtalar er landa i Olden

Avtale: Mølla er ein av partane som kommunen har fått ein frivillig avtale med.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

I dag skal kommunestyret gjere vedtak i saka om tvangsinnløysing av areal og rettigheiter ved Olden terminalområde. Ut frå orienteringa i det ekstraordinære formannskapsmøtet på morgonkvisten torsdag, ser det ut til å gå mot fleire frivillige avtalar. Nokre er allereie signert, andre er ein på god veg mot.