Stor optimisme i kommunestyret etter utviklinga i Olden:

- Lang natts ferd mot dag

Slik ser ein føre seg at terminalområdet skal utviklast i Olden. 

Nyhende

Eit samrøystes kommunestyre gjekk inn for tilrådinga om ekspropriering av grunn og rettar i Olden dersom ein ikkje lukkast med å få avtalar i hamn. Men det var tydeleg at siste utvikling i saka, med fleire signerte avtalar, gjev håp om at ein skal sleppe å gå til det steg.