Innvik AS og Norsk Bioenergi investerer 70 millionar kroner.

No går startskotet i Innvik

Spaden går i jorda for eit nytt bioenergianlegg i Innvik med Innvik AS og kommunen på kundelista. – Som følge av dette anlegget kan vi byggje ut fabrikken og flytte heim produksjon frå Europa, seier dagleg leiar i Innvik AS, Bjørn Aage Haugen.

Her går spaden i jorda om få dagar. Vinsrygg Maskin AS skal senke denne tomta der det blir både nye fabrikklokale, bioenergianlegg, tilkomstveg og parkeringsplassar. Samarbeidet mellom Norsk Bioenergi, representert ved dagleg leiar Jan Topstad (t.v.) og Innvik AS ved dagleg leiar Bjørn Aage Haugen har vore avgjerande for den offentleg-private satsinga i Innvik.  Foto: Roger Oldeide

Det offentleg-private samarbeidet med Stryn kommune har vore avgjerande for å kunne realisere dette

Nyhende

Fjordingen møter dagleg leiar i Innvik AS, Bjørn Aage Haugen og leiar i Norsk Bioenergi, Jan Topstad på tomta i Innvik der det skal bli både nye fabrikklokale og nytt bioenergianlegg.