Investering på 10 mill:

Slakta alt og starta med ny, smittefri foredlingsgris

Ove Bruheim og dottera Olin Bruheim Løvlid i Hornindal satsar tøft. I september starta dei nedslakting av grisebesetninga, med mål å byggje opp heilt ny, og smittefri foredlingsbesetning. Pris: 10 millionar kroner.

Tid for kos og ein prat: - Grisene er kontaktsøkande og likar litt kos. Eg står ofte og snakkar med grisene og koser med dei. Då svarar dei og er fornøgde, fortel Olin Bruheim Løvlid.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

– Far Ove er dagleg leiar og eg er dreng, smiler Olin, som i neste setning fortel at ho allereie som sjuåring var bestemt på at ho ein dag skulle ta over Løvlid gard.