– Vi har stor aktivitet og treng lærlingar og fleire tilsette

I september i fjor vart Stryn Betong og aktiva i Stryn Betongelement kjøpt opp av Førde Sementvare/Opseth Invest. – Vi har stor aktivitet, og vi har ein god ordrereserve. Samstundes treng vi fleire tilsette, seier Lasse Opseth.

Element: – Vi produserer 10-11 element i ulike størrelsar pr. dag, seier Alexander Grov. Her blir det støypt ein vegg til ein trafostasjon som skal til Utvik.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

– I dag er det 16 tilsette ved Førde Sementvare avd. Stryn Betongelement, og fem tilsette i Stryn Betong. Totalt har Førde Sementvare 71 tilsette, seier Opseth.