Ingen NM-pris for ungdomsbedrifta Greener Paint:

Men no er produktet til sals

Det vart ingen pris for ungdomsbedrifta Greener Paint UB under NM-finalen i Ungt Entreprenørskap torsdag, men bedrifta frå Stryn vgs har tru på produktet sitt som no er klart for sal

produktet er klart for sal: Odina Ullebø Hool, Håvard Tonning og Jonas Thaule i ungdomsbedrifta Greener Paint UB konkurrerte i NM-finalen i Ungt Entreprenørskap med dette produktet  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Ungdomsbedrifta Greener Paint UB, beståande av Håvard Tonning, Jonas Thaule og Odina Ullebø Hool, gjorde det knallsterkt under Ungt Entreprenørskap sitt fylkesmeisterskap i mars og sikra seg finaleplass i heile to kategoriar: «Størst verdiskapingspotensial» og «Best samarbeid med næringslivet».