Nesten halvparten av norske skular har for dårleg inneklima

Fire av ti skular har for dårleg inneklima, ifølgje ein ny rapport frå Rådgjevande ingeniørars foreining.

Illustrasjon 

Nyhende

Det skriv NRK.

Det er rundt 2.600 skular i Norge. Den nye rapporten viser at lufta er for dårleg ved 40 prosent av dei. Det vil seie om lag 1040 skular.

– Om kommunane held fram med å løyve dei same midlane som dei har gjort til no, så vil tilstanden på skulane bli verre, seier Liv Kari Hansteen i Rådgivande ingeniørars foreining til NRK.

(©NPK)