Barnevernsleiaren orienterte helse- og sosialutvalet:

Oppdrag fosterheim

Barnevernsleiar Rita Stølen Veamyhr gav medlemmane av sektorutvalet for helse og sosial ei lenger orientering om kvardagen og vilkåra ved det å vere fosterforeldre. Eit oppdrag dei gjerne skulle sett at fleire tok på seg.

Treng omsorgspersonar: Barnevernsleiar Rita Stølen Veamyhr gav sektorutvalet for helse og sosial ei lenger orientering om oppdraget som fosterheim. Dei kunne godt tenkje seg enno fleire. 

Nyhende

Veamyhr fortalde at før eit barn blir tildelt fosterheim, skjer det ei omfattande utredning i høve behov og kva barnet treng av omsorgspersonane. Ein er opptekne av at fosterforeldra skal matche behova og interessene til barnet.