Politistasjonssjef erstattar lensmann

Tittelen lensmann vil ikkje lenger bli brukt i Norge. Regjeringa har vedteke å erstatte han med det kjønnsnøytrale politistasjonssjef.

Illustrasjon  Foto: Bengt Flaten/Arkiv

Nyhende

I tillegg blir omgrepa "lensmannsdistrikt" og "lensmannskontor" erstatta til høvesvis "politistasjonsdistrikt" og "politistasjon", skriv regjeringa i ei pressemelding.

– Lensmannstittelen har ei lang historie i det norske samfunnet. Stortingets avgjerd om kjønnsnøytrale titlar har likevel gjort det nødvendig å finne eit nytt namn på denne funksjonen, seier justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H).

– Politistasjon er eit godt innarbeidd omgrep, og eg er sikker på at politistasjonssjef er ein naturleg og forståeleg tittel for publikum, seier Mæland.

(©NPK)