Søknad om frådeling av tomt i indre Hornindal:

Tilrår ja til tomt på garden

Trass negative uttaler frå Statsforvaltaren, fylkeskommunen og Statens vegvesen, tilrår Volda kommune at Jan Espe skal få dele frå ei bustadtomt på garden sin, slik at dottera hans kan byggje hus.

Vil frådele: Jan Espe i Hornindal vil frådele tomt til eine dottera si, og sa seg i vinter overraska over vegvesenet sin uttale om utrygg veg til skule og barnehage. Måndag vert søknaden hans handsama politisk av Volda kommune. Kommunedirektøren skriv at det er svært utfordrande å vekte argumenta for og imot dispensasjon, men totalt sett meiner han landbruksinteressene må vike i denne saka.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Saka vart kjent i januar i år, då fylkeskommunen, Statens vegvesen og Møre og Romsdal fylkeskommune ein etter ein tilrådde avslag på søknaden frå Jan Espe til å dele frå tomt på garden ved Hornindalsvegen.