Ber hønseeigarar vere med på å førebyggje fugleinfluensa

Hønseeigarar bør ta nokre forholdsreglar sidan det er auka risiko for meir fugleinfluensa i framtida, meiner regjeringa.

Hønemor passar på kyllingane sine – og vi må passe på hønene, seier landbruksminister Olaug Bollestad.   Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK

Nyhende

– Hittil har vi vore skåna for denne typen smitte i Norge, men informasjon frå Mattilsynet og Veterinærinstituttet tilseier at vi kan komme til å finne denne sjukdommen med jamne mellomrom i åra som kjem, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF).