Får behalde shingel på to hyttetak

To hytteeigarar i Harevadet Hyttegrend i Hornindal får behalde shingel på taket.

Shingel: Eigarane av to hytter i Harevadet fekk godkjent byggjesøknad med tak i sort shingel. Etter fleire klagesaker har statsforvaltaren stadfesta kommunen sitt vedtak som gir hytteeigarane medhald. 

Nyhende

To hytteeigarar bygde hytter med takshingel som taktekke, sjølv om reguleringsføresegnene for hyttegrenda seier at hyttene skal ha tak i naturmateriale som torv, stein eller tre.