Forslag til rassikring stal nattesøvnen

Rune Myklebust (Sp) var både uroa og svært kritisk til fylkesadministrasjonen sitt framlegg til rassikringsprioriteringar.  Foto: Roy Aron Brenvik Myklebust

Nyhende

Det var ein alvorleg Rune Myklebust (Sp) som entra talarstolen i kommunestyret torsdag. Han kunne fortelje at den ferske tilrådinga frå administrasjonen i Vestland fylke, knytt til rassikring, hadde teke nattesøvnen frå den røynde politikaren frå Oldedalen.