I kveld kan du spele musikkbingo på Radio Stryn

Laurdag kveld kan du vere med på musikkbingo på Radio Stryn!

Musikkbingo: Laurdag kjem første utgåve av konseptet musikkbingo på lufta i Radio Stryn. Ove Andre Aarskog (t.v.) og Odd Martin Mørk er programleiarar.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Det er Odd Martin Mørk og Ove Andre Aarskog som inviterer lyttarane til å vere med på musikkbingo på lokalradioen.

– Musikkbingo blir spelt via PC eller telefon, seier Ove Andre Aarskog. Konseptet har han og Mørk prøvd ut for eit utval spelarar på førehand for å sikre at alt fungerer.

– Dette fungerte veldig godt, og vi ser positivt på konseptet som ifølgje Norsk Lokalradioforbund ikkje har vore gjort på radio før.

Spelebrettet: Slik ser spelebrettet ut.  Foto: Illustrasjon

– Korleis fungerer musikkbingoen?

– Lyttarane som melder seg på via e-post til Radio Stryn får tilsendt ei lenkje som er deira bong. Spelet går etter bingoprinsippet med ei rekke, to rekkjer og fullt brett. Vi kjem til å spele ein musikksnutt, og lyttarane må vite kva for ein artist som blir spelt, forklarar Ove Andre Aarskog og Odd Martin Mørk, så litt quiz er det også i dette konseptet.

– Blir det sjanse for fleire slike program også seinare?

– Om dette blir ein suksess ser vi ikkje bort ifrå at det kan bli fleire musikkbingoar, er programleiarane einige om.

– Og så er jo dette også eit godt «karantenetiltak» i desse tider, avsluttar duoen.