Fekk klager om bilstøy

Fysiske sperringar i området rundt Esso hindra trafikk inn til bensinstasjonen natt til laurdag og søndag. Her frå laurdag morgon. (Illustrasjon) 

Nyhende

I tidsrommet mellom klokka 23.27-00.20 natt til søndag fekk politiet meldingar om bråk frå bilar og tung bass i Stryn sentrum.

Ein del russ og mange bilar frå rånemiljøet var samla. Patruljen fekk spreidd forsamlinga, og musikken vart dempa, melder Vest politidistrikt på Twitter.

Det var også melding om støy natt til 1. mai.