Støttetelefon for unge - får snakke med psykologistudent

Er du ung og er einsam eller har det vanskeleg grunna pandemien? No kan du ringe og snakke anonymt med ein psykologistudent.

Illustrasjonsfoto 

Nyhende

Støttetelefonen er eit tiltak for psykisk helse for unge, og det er fylkeskommunen som kjem med dette tilbodet.

Den som ringjer kan vere anonym, og det vil ikkje vise verken kven innringjaren er eller kva nummer vedkomande ringjer frå.

Når du ringjer til støttetelefonen får du prate med ein psykologistudent frå Universitetet i Bergen. Du kan snakke om korleis du har det, få råd, rettleiing og støtte.

Studentane som deltek i tilbodet er i sluttfasen av studiet, og psykologteamet frå opplæringsavdelinga i fylkeskommunen gir fagleg støtte til studentane.

Kva om du så treng vidare hjelp eller oppfølging?

Dette kan teamet hjelpe deg vidare med, men då må du gje samtykke til det. Då kan du samstundes ikkje lenger vere anonym.

Tenesta er eit lågterskeltilbod for ungdom i ca. aldersgruppe 16 til 21 år og som er i vidaregåande opplæring.

– Årsaka er at det er ei markant auke av elevar og lærlingar som slit psykisk, meir enn behandlingsapparatet i rettleiingstenesta klarer å handtere, seier Vestland fylkeskommune på sine nettsider.

Du finn meir om støttetelefon-tenesta her.