Vil byggje lydtette rom for ME-pasientar

Ombygging av omsorgssenteret i Innvik er snart klart for anbodsrunde. Lydtette rom og velferdsteknologi er noko av det ein legg til rette for.

Vikane omsorgssenter: I løpet av nokre månader vil truleg ombyggingsarbeidet ta til. 

Nyhende

I følgje kommunalsjef for helse og sosial i Stryn, Heidi Vederhus, har det nyleg vore gjennomført prosjekteringsmøte med arkitekt og konsulentar om kva som må på plass før arbeidet skal ut på anbod. I ombyggingsprosjektet vert det mellom anna lagt vekt på å legge til rette for velferdsteknologi. Ein jobbar også med lydkonsulent for å sjå på mogelegheitene for lydtette rom. Dette både med tanke på pasientar som lagar lydar og dei som har behov for ekstra ro, som ME-pasientar.