Samrøystes vedtak:

Anna Amalie får byggje på heimgarden

Gardbrukar Jan Espe i Hornindal får løyve til å dele frå tomt til dottera si Anna Amalie. Det vedtok eit samrøystes Tenesteutval for forvaltning og utvikling måndag.

Synfaring: Frå venstre Jan Espe og dottera Amalie Espe som vil byggje på utskilt tomt på garden. Vidare frå forvaltnings- og utviklingsutvalet Petter Espe (H), Henriette Hafsaas (MDG), Sindre Kvangarsnes (Voldalista), Hans Petter Eidseflot (Sp) og Randi Langlo (Ap).  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Utvalet var på synfaring på garden måndag ettermiddag, før dei tok saka opp til politisk handsaming. Under den korte synfaringa gjorde Jan Espe greie for søknaden sin, der han og fortalde at tomta som ligg i eit nedre hjørne på garden ikkje vil utgjere nokon konflikt med drifta av garden. Tomta som er tenkt er på 1,4 da og ligg i ein liten skoglugg som aldri er dyrka opp. Tomta vil bli knytt til eksisterande private gardsveg som går ut til fv 60 der det og er lokalisert busstopp med busskur som del av krysset.