Kommunen kjøper sentrumsnært bustadfelt med plass til nær 30 einebustader:

Fleirtal for Øvre Hogane

Eit endringsframlegg frå Ap, Venstre og Høgre sikra at bustadfeltet i Øvre Hogane i Stryn blir bygd ut i kommunal regi.

Fantastisk: Haldor Hove (Ap) er tilfreds med at fleirtalet i kommunestyret gjekk for å løyse inn bustadfeltet Øvre Hogane. – Her er fantastisk med kort veg til både ski og turar og sentrum, seier han. Feltet vil ligge på oppsida av Setrevegen. 

Nyhende

Diskusjonen om kor vidt kommunen skal løyse inn bustadfeltet, eller overlate til private aktørar å byggje ut, har pågått gjennom fleire formannskap- og kommunestyremøte denne vinteren. Sjølv om bustadfeltet er ein del av den vedtekne planstrategien, var tilrådinga til kommunedirektøren å avslå tilbodet frå grunneigarane. Dette grunngjeve med at prisen var for høg, og ikkje kunne forsvarast ut frå andre avslutta og pågåande prosessar om grunn- innløysing. Prisen var sett til 350 kr/kvm, medan nyleg kjøpte Riseteigen til samanlikning hadde ein pris på 310 kr/kvm, ferdig regulert.