Avtaletvist med kommunen:

Fritidsbustaden frå 2017 har enno ikkje fått bruksløyve

Eigarane av tomta nektar å skrive under på ein avtale frå kommunen om vedlikehald av flaumvern.

Vil ikkje signere: Bjørn Helge Nygård i grøfta som utgjer flaumsikringa av fritidsbustaden i Naustbakkane i Olden. Saman med Ingrid Beinnes fekk dei bygd og steinplastra grøfta før dei fekk byggjeløyve. Sjølv om dei vil halde ved like grøfta, vil dei ikkje signere på at dei har det formelle ansvaret. Den manglande underskrifta har ført til at huset framleis ikkje har bruksløyve frå kommunen.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Bjørn Helge Nygård og Ingrid Beinnes kjøpte tomta øvst i Naustbakkane i 2017 og ville med det realisere draumen om ein fritidsbustad med utsikt mot fjorden og fjella i Olden. Under arbeidet med å gjere tomta byggjeklar viste det seg at det var store mengder leire i grunnen.