Politikarane manar til konkretisering og prioritering av turismetiltak:

Vedtok dobla løyving

Etter fleire månader med kartlegging, orienteringar og diskusjon kring utfordringar knytt til turismehandteringa i kommunen, skulle politikarane i sist kommunestyremøte løyve pengar til konkrete tiltak. Dei dobla lik så godt den tilrådde løyvinga på 1 million.

Aukande trafikk: Den auka turisttrafikken, i Lodalen spesielt, byr på utfordringar. Kommunestyret har løyvd til saman to millionar for kortsiktige tiltak komande sesong.   Foto: Roger Oldeide

Nyhende

I tilrådinga frå administrasjonen var det sett av ein million til kortsiktige tiltak knytt til toalettløysingar, renovasjon og informasjon. To mobile toalett er tenkt i Lodalen, eitt på Tyva og eitt lenger inne i dalen, medan ytterlegare to skal plasserast andre stader der ein vurderer behovet som stort. Olden sentrum, Karistova og Opheim vert drege fram som aktuelle stader.