Var likevel ikkje mykje myr:

Får løyve til nydyrking

Per Ståle Lillestøl i Hornindal får løyve til nydyrking av seks daa i Honndalslida. Det vedtok Tenesteutval for forvaltning og utvikling mot to røyster dag.

Nydyrking: Tenesteutval for forvaltning og utvikling på synfaring i Honndalslida, der Per Ståle Lillestøl har søkt om nydyrking. Utvalet gav løyve til nydyrking også av eit mindre område til venstre for grova på bildet, der det viser seg å vere mykje god grushaldig jord.. Vedtaket vart gjort mot to røyster (MDG og KrF)  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Vedtaket vart gjort etter at utvalet hadde vore på synfaring og sett området med eigne auge. Per Ståle Lillestøl er leigetakar av jorda som Ola Roar Fannemel eig. Under synfaringa fortalde Lillestøl at det er kamp om kvar kvadratmeter dyrka mark i Hornindal, og at han sjølv må kjøpe gras heilt frå Sverige.