Nær 70 unge og gamle starta o-sesongen i Stryn

Nær 70 unge og til dels godt opp i åra stilte til start då O-løpssesongen starta ved Stryn Stadion torsdag.

Nybyrjarar: Bak frå venstre: Magnus Haugstveit, Olina Svarstad Heggdal, Brita Svarstad Heggdal, Sofie Heimlid, Jakob Ulvedal. Midten: Håvard Dahle Jacobsen, Ronja Sveen Hatledal (gul jakke), Eirik Haugstveit, Jakobia Sølvberg, Eskil Hammer, Anders Sølvberg, kursleiar Anne Marie Svarstad. Framme: Aksel Guddal Breivik.  Foto: Inge Fænn

Nyhende

Markane og Veten har tett samarbeid om nær o-løp, og sist torsdag var det sesongstart ved utstillingshallen. Dei aller yngste hadde akkurat pakka bort ski og gevær etter skisesongen, før dei leita fram lette sko og drog på leit etter postar.