Leiar:

Ulukkestal på rett veg

Illustrasjonsfoto  Foto: Bengt Flaten

Held denne trenden seg gjennom året, vil tal omkomne i 2021 bli det lågaste nokonsinne

Nyhende

Så langt i år har 18 personar mista livet i trafikken i Norge. Det er 18 for mange. Likevel er talet betydeleg lågare enn for dei fire første månadene i fjor. Då omkom 30 personar i trafikken. Nedgangen i år, samanlikna med 2020, er på heile 40 prosent. Det er ein svært gledeleg utvikling og viser at mykje går rette vegen. Held denne trenden seg gjennom året, vil tal omkomne i 2021, ifølgje Trygg Trafikk, bli det lågaste nokonsinne. Eit klart mål å strekkje seg etter.