Vegvesenet sender rapport til Skatteetaten

Illustrasjonsbilde.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Statens vegvesen hadde kontroll ved Kjøs bru måndag.

Ifølgje kontrollrapporten hadde to vogntog betalt feil vektårsavgift, og det vert sendt rapport til skatteetaten på forholda.

Eitt køyretøy fekk bruksforbod då det mangla leigeavtale frå leasingselskapet til transportør. Køyretøyet måtte stå til forholdet var avklart.

To førarar måtte rydde siktsona før vidare køyring, ein førar måtte smørje svingskiva på køyretøyet før han fekk forlate kontrollplassen, ein spesialtransport var ikkje merkt rett og måtte få på plass riktig merking, og føraren måtte i tillegg sikre lasta betre før vidare køyring.

Det vart skrive ut to mangellappar på tekniske forhold. Dette gjaldt lause boltar i svingkransen og sprekkar i frontrute, melder Statens vegvesen.

122 køyretøy var innom kontyrollplassen.