- Vi kan vel kalle dette ein klassikar no

Det fastslår Andreas Solvik (62) som har gått toppturen i Hornindal sidan 80-talet.

Høgenibba: Eit lite, men nøgd turfølge på toppen av Høgenibba (1.191 moh) Herifrå gjekk turen vidare til Gjura, 2,5 kilometer lenger nord. – Folk gjekk her også på 80-talet, men populariteten for rundturen har vakse enormt dei siste ti åra, seier Andreas Solvik som er ein røynd toppturmann.   Foto: Andreas Solvik

Nyhende

Som guide for Indre Nordfjord Turlag la Andreas Solvik (62) turen til Hornindal 1. mai. Sjølv om berre to personar meldte seg til turen laurdag, har det vore ein kraftig aukande popularitet for den 13 kilometer lange rundturen med start og slutt ved Hornindal skisenter, fortel Solvik.