Auka trafikk til dagsturhytta

– Nødvendig å sjå på trafikkavviklinga

Parkering og trafikkavvikling er blitt ei utfordring i samband med auka bruk av dagsturhytta i Hornindal.

Dagsturhytta i Hornindal: Hytta er blitt eit stadig meir populært turmål. Det fører og til trafikale utfordringar for dei som bur og ferdast på vegen på Ytrehorn.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Frode Lillestøl er ein av dei som no opplever problema med auka trafikk og parkering i område som ikkje er dimensjonert for dette. I brev til Volda kommune oppmodar han kommunen om å ta tak i problemstillinga før ein eventuelt opnar opp for meir ferdsel i området. Lillestøl viser til ønske og avsette midlar til opprusting av råsa opp til dagsturhytta. Lillestøl seier han på ingen måte er imot ei slik oppgradering, men seier ein må starte i riktig ende.