Prototypen er på plass i Stryn

– Fantastisk. Denne kjem eg til å nytte, sa ein av dei første som prøvde den nye automaten frå Stryn.

Testa ut: – Fantastisk. Denne kjem eg til å nytte. Ekstra gøy at den er "made in Stryn", kommenterte Vidar Flo som var ein av dei første som testa ut nyvinninga frå Vendanor. Bedrifta har håp om serieproduksjon av dette produktet.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Det første eksemplaret av Vendanor si nysatsing, ein spylarvæskeautomat, vart sett ut ved Esso i Stryn torsdag kveld. Fredag ettermiddag kunne Vendanor opplyse at eit titals personar hadde nytta den nye spylarværskeautomaten.