Rusta bremseskiver gav mangellapp

Fv 60 Utvikfjellet (illustrasjonsbilde).  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Statens vegvesen har hatt kontroll på fv 60 Utvikfjellet.

Av dei ni tunge køyretøya som vart nærare kontrollerte fekk eitt køyretøy teknisk mangel for sprekk i frontruta, rusta bremseskiver og for låg load index på framhjul. Ein sjåfør fekk gebyr på 1.500 kroner for å ikkje ha brukt bilbelte, ein vogntogsjåfør fekk pålegg om forskriftsmessig merking av spesialtransport, og ein sjåfør fekk 500 kroner gebyr for manglande førarkort.

Eitt lett køyretøy vart også kontrollert. Her vart det skrive ut teknisk mangel for feil på hovudlys, i tillegg fekk sjåføren gebyr på 500 kroner for manglande førarkort, skriv Statens vegvesen i sin kontrollrapport.