Fekk raskt kontroll på bråtebrann

Illustrasjonsbilde.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Onsdag rykte brannvesenet i Stryn ut etter at det kom melding om ein bråtebrann på Skår i Oppstryn.

Brannen vart meld klokka 11.24, og brannvesenet var raskt på staden.

– Det var bråtebrenning i ei skråning som hadde kome ut av kontroll, opplyser brannvesenet. Bråtebrannen var sløkt i løpet av ein halvtimes tid.