Lesarinnlegg frå Alfred Bjørlo:

Stad Skipstunnel - Den perfekte stormen

- Å byggje Stad Skipstunnel no, er «den perfekte stormen!» Det er å opne vindauget til ei grøn framtid til sjøs – akkurat når den framtida er i sikte, meiner Alfred Bjørlo, ordførar i Stad kommune.

Stad Skipstunnel: Stortinget har vedteke byggestart av Stad Skipstunnel og verdas første skipstunnel skal stå ferdig i 2026.  Foto: SST

Nyhende

Tysdag 11. mai 2021 kjem til å gå inn i historiebøkene. Stortinget vedtok mot éi røyst byggestart på Stad Skipstunnel – verdas første skipstunnel, som gjev trygg passasje forbi det livsfarlege Stadhavet.