Bilar sperra vegen for å hindre vidare køyring:

Lastebilsjåfør fråteken førarkortet etter uforsvarleg køyring på rv 15

Fjuken: Ein lastebil og fleire personbilar sperra vegen for å hindre at ein utanlandsk lastebilsjåfør som har drive uforsvarleg køyring på riksveg 15 onsdag kveld skulle kome seg vidare. Den utanlandske sjåføren vart teken hand om av politiet og fekk førarkortet sitt beslaglagt.

Ein utanlandsk lastebilsjåfør på veg austover på riksveg 15 skal ha drive farleg og uforsvarleg køyring på fjellovergangen mellom Stryn og Skjåk. Illustrasjonsfoto  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

I fylgje operasjonsleiar Haagen Løvseth i Innlandet politidistrikt kom dei fyrste meldingane om at ein utanlandsk lastebilsjåfør på veg austover på riksveg 15 dreiv farleg og uforsvarleg køyring på fjellovergangen mellom Stryn og Skjåk onsdag kveld.

– Vi fekk fleire meldingar på køyringa nedover frå fjellet. Føraren har mellom anna hatt ei rekkje farlege forbikøyringar, seier Løvseth.

Politiet rykka ut, og i fylgje operasjonsleiaren vart den utanlandske lastebilen med den utanlandske føraren stoppa i Bismo.

– Ein lastebil og fleire bilar sperra vegen for å hindre vidare køyring. Det kan sjå ut som at lastebilane har vore inni kvarandre, for det var noko lakkskader på køyretya, seier operasjonsleiaren i Innlandet politidistrikt.

Den utanlandske føraren vart teke hand om av politiet.

– Han vart teke med til politistasjonen i Lom. Her sat han i avhøyr med tolk onsdag kveld. Vi har sett videoar av køyringa og dette er heilt klart førarkortbeslag, i tillegg til bot, seier Haagen Løvseth til Fjuken.

I fylgje operasjonsleiaren er det ikkje mistanke om promillekøyring.

Saka vart først publisert i Fjuken.