Hedda vil spele fast på Åsane i 1. divisjon

– Det er tøff kamp om plassane, men eg håpar på fast plass etter kvart, seier Hedda Vatn Øvreberg. Komande søndag er det serieopning med Åsane i 1. divisjon fotball, forhåpentlegvis med stryningen på laget.

1. divisjon: Hedda Vatn Øvreberg frå Stryn spelar for 1. divisjonsklubben Åsane.   Foto: åsane fotball

Eg trivst veldig godt her, både med studiar og fotballen!

Hedda Vatn Øvreberg, Åsane fotball
Nyhende

21-åringen melde overgang frå Stryn til Åsane i fjor. Ho fortel om ei god sesongoppkøyring for laget, der fleire av resultata har vore sterke.