Maja og Ruben Alexander viste gryande vårform

Sesongstart: Ruben Alexander Eide Gjerde (100 m og lengde), Maja Fuglestrand Baade (spyd) med sesongstart i friidrett på Skei.  Foto: Thomas Thaule (arkiv)

Nyhende

Olden friidrett sine utøvarar i 16-årsklassane, Maja Fuglestrand Baade og Ruben Alexander Eide Gjerde, deltok på eit friidrettsstemne på Skei stadion laurdag. Begge viste at formen er i anmarsj.

Maja deltok i spyd (500 gram), og trass mange skadar, sjukdom og lite trening sette ho ny personleg rekord med dette spydet med 38,34 meter.

Ruben Alexander var med i to øvingar, 100 meter og lengde. På 100 meter vart det 2. plass med tida 12,33 sekund, berre slått av Jakob Slåtten frå Jølster som fekk notert tida 11,94 sekund. I lengde gjekk det endå betre, og Ruben Alexander noterte seg for stemnet sitt beste lengderesultat uansett klasse med 5,84 meter. Han hoppa også endå nærare seks meter, men dette forsøket var dessverre hårfint daudt.

Stemnet i Jølster samla deltakarar frå store deler av fylket.