Avlyser Landsskyttarstemnet på Elverum

Sist gong: Her frå Landsskyttarstemnet i Evje 2019, som er det siste stemnet som er blitt arrangert.  Foto: Landsskyttarstemnet

Nyhende

Norges Skyttarstyre har bestemt at årets Landsskyttarstemne på Elverum skal avlysast. Det skriv Det frivillige Skyttervesen i ei pressemelding.

Det er andre året på rad at stemnet, som vanlegvis samlar 5.000 skyttarar og 10.000 tilreisande over ei heil veke, må avlysast grunna den pågåande pandemien.

– Det er særs trist at vi også i år må ta den tunge avgjerda å avlyse vårt flaggskip Landsskyttarstemnet, fortel president i Det frivillige Skyttervesen, Bernt Brovold.

– Landsskyttarstemnet er eit av Norges aller største sportsarrangement, og med den usikkerheita som framleis rår med pandemien så meiner vi at avgjerda er klok og ansvarleg, seier Brovold. I staden vil det bli arrangert eit «Heime-LS», som var ein suksess i fjor.