NFF Sogn og Fjordane fyller 100 år

- 30. april 2022, fyller NFF Sogn og Fjordane 100 år. Startskotet på feiringa startar likevel no i haust med kretsting, og vil halde fram med ulike jubileumstiltak gjennom heile jubileumsåret 2022, skriv dagleg leiar Svein Olav Myklebust i ei pressemelding.

Stryn mot Førde 2 på Stryn stadion, med mykje folk på tribuna.  Foto: Stig Høynes (arkiv)

Nyhende

Sogn og Fjordane Fotballkrets vart skipa i 1922, men fotballspelet var utbreidd fleire stader i fylket før den tid. Det var i Florø og på Nordfjordeid at det heile starta: Historikaren og offiseren Edvard Os fortel at det første fotballaget på Nordfjordeid vart skipa i 1900 eller 1901 av Martin Myklebust, som hadde fått inspirasjonen frå Bergen.

Dette Eida-laget spela same året sin første kamp mot eit nyskipa lag frå Florø. Klubben i kystbyen vart formelt skipa 1912.

Historia i 100

Tidlegare Sogndalsspelar og sportsprofil Jon Navarsete vil på NFF Sogn og Fjordane sitt kretsting i haust halde kåseriet «Historia i 100». Tidslinja, profilane, dei gode historiene, bilete og film. Tidene endrar seg frå lokalt, nasjonalt til globalt, er det mogeleg å sette spelarane i rett kontekst?

I haust vil også kretsen starte kåringa - hundreårets utøvar, ei prestisjetung kåring. Ein vil dra fram gamle og nye heltar og dvele litt med desse. Alle profilar i si tid, viktige i klubben, viktige for kretsen, og kanskje for Norge - men kven var best?

Kåringa har styremedlem og gullmerkemann Jon Georg Rutledal i lag med ei arbeidsgruppe ansvar for, saman med publikum. Kåringa vil skje gjennom ei digital avstemning på nettet.

Jubileumsbok

Kretsen har leigd inn Stig Roger Eide til å skrive ei eiga jubileumsboka. Boka vil bli eit historisk tilbakeblikk på 100-årsjubilanten. Dette er eit svært omfattande og tidkrevjande arbeid. For å krydre jubileumsboka og dei andre tiltaka som kretsen ynskjer å få gjennomført, treng ein hjelp frå fotballfamilien i fylket. Har du/de historiske bilete eller filmklipp liggande, så er kretsen takksame om de ynskjer å dele dette materialet, går det fram av pressemeldinga.