Åtvarer om auka fare for skogbrann

På grunn av betydeleg fare for skogbrann for tida, vil ikkje brannsjefen i Stryn at folk skal gjere opp eld.

Brannsjef John Jatgeir Vinsrygg i Stryn kommune.  Foto: Thomas Thaule/Arkiv

Nyhende

Tørke medfører betydeleg auka fare for brann i skog og anna utmark. Difor er det eit generelt forbod mot bruk av open eld i heile landet i sommarhalvåret: I skogen, på fjellet, på stranda og ved naturområde som ikkje er innmark.

- Sol, varme og vind som vi har hatt i lang tid, gjer faren for brann spesielt stor. Tørr vegetasjon bidrar til brannfare langt over normalen, seier John Jatgeir Vinsrygg, brannsjef i Stryn kommune, i ei pressemelding.

Han fortel at så tørt som det er no, skal det svært lite til for å starte ein brann. Kvar enkelt må vere forsiktige og opptre på ein slik måte at det ikkje oppstår brann. Det gjeld alle, heile tida og over alt. Alle må vere forsiktige og prøve å redusere sannsynlegheita for brann, og begrense skadene hvis brann skulle oppstå. Oppgjort eld må ikkje forlatast før det er fullstendig sløkt.

Frå 15. april til 15. september er det forbode å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark utan løyve frå kommunen. Dette forbodet omtalast gjerne som "bålforbodet".


Det generelle forbodet gjeld kun i eller i nærleiken av skog og anna utmark, alle område som ikkje er innmark. Døme på innmark er gardsplassar, hustomter, dyrka mark, engslått og liknande område. Men hugs at ein har plikt til å vere forsiktig på desse områda. Det er den som utfører aktiviteten som er ansvarleg for brannsikkerheita.

- Sånn som tilhøva er no, før betydelege nedbørsmengder kjem, ønskjer vi ikkje at folk gjer opp eld. Bruk sunn fornuft, hugs at du sjølv er ansvarleg for eventuell skade, seier brannsjefen i pressemelding frå Stryn kommune.