Ber innbyggarane redusere vatning i hage og bed

Stryn kommune ber alle som er knytt til vassverk i Stryn og Loen om å redusere/avstå frå vatning i hage og bed, då vassverka er nær maksimal kapasitet.

Stryn kommune oppmodar innbyggarane til å redusere eller avstå frå å vatne i hagane.  Foto: Thomas Thaule (arkiv)

Nyhende

- Varselet er ei sterk oppmoding og gjeld frå i dag fredag 4. juni 2021, skriv kommunen på si heimeside.

Dersom ikkje oppmodinga blir følgt kan kommunen innføre vatningsforbod.

- Vi prøver først med denne venlege oppmodinga om redusert vassforbruk til hagevatning/vatning av blomsterbed.

- Årsaka til avgrensing av vatning er at både Loen vassverk og Stryn vassverk når maksgrensa for kva UV-anlegga er godkjende for. Dersom vi går over denne grensa kan vi ikkje garantere for trygt vatn og må klore i tillegg, skriv kommunen.

Alle abonnentar har fått sms-melding frå Stryn kommune laurdag morgon.