Brannvesenet sløkte alt for tidleg jonsokbål

Brannvesenet reiste til Loen og sløkte jonsokbålet som vart fyrt opp alt for tidleg.  Foto: Hannah Sofie Flaten

Nyhende

Brannvesenet i Stryn rykte ut til Loen seint fredag kveld, etter at nokon hadde tent på jonsokbålet i nærleiken av naustrekka mellom fv 60 og fjorden. Brannen vart meldt ved 23.15-tida og ein halv time seinare melder vitne på staden at brannen er sløkt.

Det var god fyr i jonsokbålet i Loen, same dag brannsjefen i Stryn gjekk ut og åtvara mot å tenne bål.  Foto: Hannah Sofie Flaten

Etter at brannvesenet hadde avslutta sløkkearbeidet, kom traktor til staden og tippa jord over bålet. Dette for å unngå at det skal blusse opp att.