Dette treet i Stryn har ærverdige aner

Hestekastanjen som står i blomst i den vesle parken i Stryn der Seljevegen og vegen til Bruagrenda tek av, har edle gener: Han stammar frå dei legendariske "kastanjene i Bygdø Allé".

Frå Vereide: Treet er dyrka fram på Vereide, fortel Einar Reed, som kjøpte det og planta det i Stryn. Eigentleg er det hestekastanje, som er i slekt med lønn. Men det blomstrande treet stammar altså frå Bygdøy Allé!  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

"Når kastanjene blomsterer i Bygdø Allé" song Jens Book-Jenssen i ein av norsk musikkhistorie sine største slagerar. Teksten omhandlar den vakre våren i hovudstaden, og at på den tida "kastanjene blomstrer i Bygdø Allé kan mangt et under skje".