Lengten etter Loen gav han ingeniørjobb

Austlendingen Niklas Kovanen Sæten hadde tre livsmål: ein meiningsfylt og spennande jobb, dame frå Vestlandet og å bu nær slekta i Loen. No kan han krysse av for alle punkta.

Niklas Kovanen Sæten (32) kjem frå Lørenskog og er utdanna sivilingeniør i vassdragsteknikk. I halvtanna år har han jobba som prosjektingeniør i Stryn kommune.  Foto: Kristine Slettehaug/Framtidsfylket.no

Nyhende

– Vann og avløp er kanskje litt usexy, men for meg har det lenge vore ein draum å få jobbe med det.

Niklas Kovanen Sæten (32) kjem frå Lørenskog og er utdanna sivilingeniør i vassdragsteknikk. I oppveksten var han mykje på familiehytta i Loen, og kona hans er frå Olden. I halvtanna år har han jobba som prosjektingeniør i Stryn kommune. Der stortrivst han.

– Då eg studerte på NTNU, hadde mange medstudentar som mål å jobbe i eit stort konsulentselskap. For meg var det meir attraktivt å få jobbe i ein kommune. Her får du delta i prosjekt frå start til slutt, jobbe i breidda og vere med og påverke. Kombinasjonen kontor og feltarbeid passar meg perfekt, og det er herleg å komme seg ut av og til, seier han og myser mot sola.

Framtidsfylket.no kan du lese resten av artikkelen, skriven av Kristine Slettehaug i Framtidsfylket Vestland.