Stipend til Maren og Steffen

Stiftinga Idrettsfond Sogn og Fjordane har tildelt 10.000 kroner til to unge utøvarar frå Stryn kommune.

Stipend: Maren Hjelmeset Kirkeeide, Markane IL (skiskyting), og Steffen Melheim, Olden IL (friidrett) får tildelt stipend. 

Nyhende

Maren Hjelmeset Kirkeeide, Markane IL (skiskyting), og Steffen Melheim, Olden IL (friidrett) er blant ti unge idrettsutøvarar i alderen 16–19 år som får tildelt 10.000 kroner i stipend.

Følgjande unge utøvarar har fått stipend: Håvard Hetle (fotball), Leander Høyvik (fotball), Steffen Melheim (friidrett), Jakob Stavang Stubhaug (golf), Johannes Årdal (ski – hopp), Trym Dalset Lødøen (ski – randonee), Maren Hjelmeset Kirkeeide (skiskyting), Jørgen Sekse (sykkel), Julia Jordanger Loen (vektløfting) og Jenny Sørgulen (volleyball).

Det kom totalt 32 søknadar med utøvarar frå 11 ulike idrettar, opplyser Stiftinga Idrettsfond Sogn og Fjordane.

Stiftinga har også tildelt midlar til 20 tiltak i regi av idrettslag eller særkrins/region. Mellom desse får Olden IL – friidrett 4.000 kroner, Sogn og Fjordane orienteringskrins 20.000 kroner, Sogn og Fjordane Skiskyttarkrins 30.000 kroner, og NFF Sogn og Fjordane 50.000 kroner.