Meir lys, sykkelparkering og heilårsope toalett

Rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne i Stryn kommune har kome med fleire innspel når det gjeld områdereguleringa i Stryn sentrum. Meir lys, sykkelparkering og heilårsope toalett er mellom innspela.

Rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne ønskjer at alle tilgjengelege toalett i Stryn kommune må ha døgnope og heilårsope.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Rådet presiserer viktigheita av ei universell utforming i sentrum, der sentrumsområda er tilrettelagt for personar med alle slags funksjonsutfordringar/røyrslehemming, skriv rådet i sitt innspel.