På raudlista: - Ulovleg å fjerne reir som er i bruk

Med våren er fiskemåsen komen tilbake for å bygge og bu, kanskje på eit hustak nær deg. - Levande natur, meiner nokre. Skrik, skrål og ubehag, meiner andre. Men det er ikkje fritt fram å fjerne dei, opplyser seniorrådgjevar Tore Larsen hos Statsforvaltaren i Vestland.

Fred for mor og barn: Måsane har ein lovfesta rett til eit uforstyrra familieliv. Fjerning av reir som er i bruk er i strid med norsk lov, det same gjeld forstyrring av rugande fuglar.  Foto: Tore Larsen/Statsforvaltaren i Vestland

Nyhende

Fiskemåsen var tidlegare ein av dei mest talrike måseartane i Noreg, men dei siste tiåra har bestanden gått sterkt ned på kysten, opplyser Larsen.