Eple frå Innvik blir til cider i Olden

– Det er ikkje berre i Hardanger ein kan lage god cider

- Indre Nordfjord har alt som skal til, seier produsentane bak eplecideren «Innvik» som skal testast ut av Coop Nordvest

Kortreist: – Vi er spent på korleis cideren vår blir teke i mot, seier Finn Drageset og Karin Kleppe frå Randum i Innvik som leverer pressa eple til Geir-Inge Beinnes i Olden Bryggeri AS som foredlar safta til cider. Butikksjef ved Extra Stryn, Sylwia Gorka, er svært glad for å kunne ta inn kortreiste produkt. Førebels er cideren «Innvik» eit prøveprosjekt for Coop Nordvest som fordelar 1.400 flasker til fem butikkar i Nordfjord.  Foto: Coop Nordvest

Nyhende

Coop Nordvest har no satsa på eit nytt lokalt samarbeidsprodukt; Eplesaft frå Randum i Innvik som er foredla til cider ved Olden Bryggeri i Olden.