– Spennande og kjekt å syngje i Grieghallen

Catrin Sanden (14) frå Rake synest det var ei stor oppleving å få vere blant kulturskule- elevar som fekk opptre på De unges festspillforestilling i Grieghallen fredag.

Song i Grieghallen: Fredag kveld var Catrin Sanden frå Rake ein av fleire handplukka elevar frå kulturskular i Vestland og norske byar, som fekk delta på De unges festspillforestilling i Grieghallen i Bergen. Ho song Annie Lennox sin versjon av «Summertime» , akkopagnert av Lukas frå Bergen kulturskule.   Foto: Thor Brødreskift/Festspillene i Bergen

Nyhende

– Det var veldig kjekt å få synge i Grieghallen. Det var ei heilt ny oppleving, og veldig spennande. Eg var litt nervøs før konserten, men det er vel alle som skal framføre noko, seier Catrin Sanden dagen etter konserten.